Wednesday, 08 September 2010

Besøk frå øko-turismegruppa frå Hubei

Print

DSCF3112Etter ei god natt på Morgedal Hotell starta dagen med å dra
opp garn på Morgedalstjønni. Å utnytte lokale ressursar og
samarbeid med lokal befolkning er viktig i øko-turisme.
Eigar av Morgedal Camping, Halvor Bjåland og hans far Knut
Bjåland hadde sett ut garn kvelden før og desse vart teke
opp på morgon. I Morgedalstjønni er fritt stangfiske for alle
som ynskjer.

 

DSCF3118Turen gjekk vidare til Øverbø, staden som har gjort Morgedal
kjent som vogga til den moderne skisport. Historia om
Sondre Norheim vart fortalt og korleis Morgedal ynskjer å
bruke dette i sin reiselivssatsing. Den gode historia, kunnskapen,
tradisjonen og opplevinga er viktig i økoturisme.

I Morgedal er det to biovarmeanlegg. Eit som leverar
varme til Morgedal Hotell og eit gardsvarmeanlegg.

                   DSCF3124            DSCF3126

DSCF3130Etter ein omvising på biovaremanlegget på Morgedal
Hotell var det samling på Skare gard og naturopplevingsenter
(bilete) som har eit flisfyrt varmeanlegg. Deltakarane
frå Hubei fekk ei innføring i drifta på garden av eigar
Anne Birgit Sollid Haugen og eit foredrag om Telemark
sin satsing på bioenergi av Ole Kristoffer Røste ,ATskog.

 

Chinese-visitDagen i Morgedal vart avslutta på Norsk Skieventyr. Kineserane
fekk smake ulike fiskerettar frå Innsvingen Kafé før
ein omvising på museet. Siste del var oppsummering av
Morgedal-prosjektet, våre tankar rundt øko-turisme og eit
mogleg framtidig samarbeid med Hubei.

Dagen vart avslutta på Vest Telemark Museum, Eidsborg og
overnatting på Dalen Hotell.



Add this page to your favorite Social website
Del.icio.us! Google! Live! Facebook! TwitThis